Du finn kjøttkaker eller den nære slektningen kjøttbollar i nesten alle verdshjørne. Marokkanarane og spanjolane bruker lam. Men far sin favoritt er lagd på god, gammaldags storfedeig. Den ”hemmelege” ingrediensen som gjer kakene ekstra gode er rett og slett halvgammalt brød.
Kategoriarkiv: Kjøtt
Svinaktig saftig søndagsmiddag
Kvelden då alle bør vere rike
Ikkje alle frå distrikta har lakserett og utmark full av hjort. Men på nyttårskvelden bør alle unne seg ein svinedyr filet av hjort eller reinsdyr, enten ein er grunneigar eller ikkje. Fordi du høgst sannsynleg har fortent å vere litt ekstra rik den siste kvelden i det gamle året, og eit nytt står for tur.
Julemiddagen varer heilt til nyttår
Full pinne fram til jul – siste kapittel
Oksegryte for mørke kveldar
Full pinne fram til jul
Suppe på fenalår og fersk lammekjøtt
Lammefrikassé
Kombinasjonen lammekjøtt og rotgrønsaker kan vere himmelsk. Bruk gjerne dei grønsakene du liker best, dei finns i mangfald i butikkane frå seinsommaren og utover. Denne oppskrifta bør mette fire personar.
Første del:
- 1,5 kilo grytekjøtt av lam med bein, for eksempel bog
- 6-7 desiliter vann
- 2-3 gulrøter
- 2 persillerøter eller ½ sellerirot
- 1 blomkålhovud
- 1 purreløk
Andre del:
- Dei 6 desilitrane kraft frå kokinga
- 3 ss smør
- 3 ss kveitemjøl
- 1 ½ teskei salt
- ½ teskei peppar
- Eventuelt 200 gram brekkbønner
- 3 ss fersk dill (og eventuelt persille/flatpersille)
- 1-2 desiliter fløyte
Del opp kjøttet i passe store (serverings)stykker. Skyll deretter kjøttet i kaldt vatn og tørk godt av det med kjøkkenpapir.
Legg kjøttet tett i tett i ein passe stor kjele, hell over det kalde vatnet og kok opp. Fjern skummet undervegs med ei ause, og la kjøttet trekke/småkoke til det løsnar frå beina. Det tar minst tre kvarter.
I mens skreller du grønsakene og deler dei opp i passe store biter. La dei koke med kjøttet dei siste fem minutta.
Fisk ut grønsakene og kjøttet og legg det kvar for seg. Ta vekk bein og eventuelt dei største brusk- og fettdelane frå lammekjøttet. Sil krafta gjennom eit dørslag over i ein bolle. Her må du ta vare på kvar dråpe!
Sausen kan du lage i same kjele eller ein ny. Her snakkar vi om ein nær slektning av ein klassisk kvit saus, som riktig nok blir litt gyllen av kokekrafta. Smelt smør og pisk inn kveitemjølet. La jamninga surre eit lite minutt utan at den blir brun. Spe i litt og litt kraft til sausen er passe tjukk.
Nokre minutt før servering har du i kjøtt, grønsaker, urter og evnetuelt brekkbønner (som krev lite koking). Ha i fløyta. Kok opp. Smak til med peppar og salt. Normalt sett krev lammefrikasseen godt med krydder, og spesielt salt. Og den trivs veldig godt i lag med (ny)poteter.
Velbekomme!