Heilt frå mennesket forsto at korn kunne haustast, og mjøl kunne knusast og bli til deig, har mennesket steikt sine brød på steinheller. Vårt eige flatbrød har fått sin velfortente renessanse, og slik kvalitetsbakst blir prisa som om det var gull i spesialbutikkane. Dette urgamle bakverket krev sin mann eller kvinne, men det er verdt å prøve seg på å bake sitt eige flatbrød.
Kategoriarkiv: Metodar
6
Jakta på den perfekte potetmos
Ei sild, og ei til…
Lam på lang dags ferd i varmen
Pølsemaker, pølsemaker, kor har du gjort av deg…
Sjølv om langt fleire butikkar leverer pølser i alle slags fasongar og smakar, er det nesten ingen som kan konkurrere med heimelagde pølser. Det er heller ikkje noko av det eg har lagd på mitt eige kjøkken som har resultert i meir ros frå gjestane mine enn tarmar stappa fulle av smakfullt kjøtt og krydder.
Turmat på tørk
Fest med heimelagde fiskekaker
Far min vaks opp på det vêrharde Bremangerlandet i Sunnfjord, med havet som næraste nabo. Der hausta dei for det meste frå havet. Fisk sto ofte på menyen heile veka, til og med på kviledagen. Søndag blei fiskekakene steikt opp, varma i brun saus og servert med kokte poteter og det som måtte finnast av grønsaker.