Norsk bacon er bokstavelig talt svinedyrt og sjeldan godt speka. Men når matvarekjedene nærast kastar billig ribbe etter oss deler av året, er det tid for handling. Har du først fått smaken på ditt heimelagde, heimerøykte bacon, er det fort gjort å bli røykavhengig…
Røyklaks frå eige røykeri
Hyllest til eit «hol i veggen»
Har du opplevd at din favorittstad på matfronten plutselig har stengt dørene? Ein enkel lapp i vindauget som fortel at her kjem du aldri inn dørene igjen? Aldri meir skal du få smake verdas mest velsmakande lammespyd… Dersom du då ikkje har elga deg inn på kokken og bedt om oppskrifta på shish kebaben.
Krydra kongedessert frå frukthagen
Heimelagd majones på rekordtid
Sous vide for fattigfolk
Syrleg fiskesuppe med selskap frå setra
Den ferdiglagde maten rundt oss gjev oss få og små utfordringar for smaksløkane. Sødmen er ofte matvareindustrien sin valde middelveg, og gjer at vi heilt frå barndommen av til dels mister føling med heile vårt flotte smaksregister. Denne syrlege fiskesuppa – med eit nesten usunt følgje av smør og kremfløyte frå setra – er ei handsrekning til den som vi la seg utfordre.
Mal kjøttdeiga di sjølv
Er det tilfeldig at det blir juksa med hestekjøtt i lasagne og annan ferdigmat, eller at kjøttdeig og andre farseprodukt med jamne mellomrom er E.coli- og salmonella-smitta? Tja, juks og slurv har vore ein del av historia heilt sidan matvareindustrien oppsto. Vil du vere heilt sikker på kva som går gjennom kverna, er det berre å stå for produksjonen sjølv.