Matvareindustrien har gjort sitt for å sette det naturlege feittet til grisen i dårleg lys. Men er det eigentleg «eit fett» kva feit del av svinet du bruker? Smult er ikkje det verste alternativet når du skal bake, fritere eller lage eit bakteriefritt «lokk» på toppen av glaset med paté.
Kategoriarkiv: Kjøtt
Svar
Søt-sterk sitrongras-kylling på vietnamesisk
Har du nokon gong forelska deg så i ein rett, at du aldri blir lei? Nesten uansett kor ofte du et den? Men så er det det med denne kjærleiken, du finn ikkje alltid ut av den. Det skulle ta meg over 20 år før eg fekk til å lage søt-sterk sitrongras-kylling på vietnamesisk (nesten) slik dei gjer det på ein av favorittrestaurantane mine.
Lun leverpostei fri for gluten og mjølkeprodukt
Lam på latinsk – heilgrilling av lam eller smågris
Langtidssteikt kjelår med appelsin og kvitløk
Porchetta – perfekt italiensk ribberull
Klart for kjefrikassé med rotgrønsaker
Kveldskos med quesadilla
Grava elgfilet, hjortefilet, reinsdyrfilet eller rådyrfilet
Speking av rådyrlår
Låra frå mi aller første rådyrjakt blei speka på to ulike vis. Det eine låret blei delvis beina ut, deretter salta/krydra (med salt, einebær og honning) og til slutt surra opp. Spekinga blei gjort i «friluft» i spekerommet mitt. Det andre låret blei salta og krydra på same vis, men speka rundt (utan utbeining).